top of page

GODT NYTT ÅR

 

Vi i Bedriftshelsetjenesten i Sykkylven er godt i gang med planlegging av BHT-bistand ut til alle medlemsbedriftene våre for det komande året. I fjor lagde vi til 3-årsplanar for perioden 2021-2023 med dei fleste bedriftene, og det kan vere greitt å gå igjennom kva som vart gjort i 2021 og eventuelt om der er noko som bør endrast på i planen for 2022. Vi vil derfor snart ta kontakt for å få til eit HMS-møte, enten fysisk, digitalt eller per telefon.

 

Sjølv om det fortsett er restriksjonar og høge smittetal, må vi håpe på ein betre vår. Det er viktig å halde fram med å følgje dei nasjonale og kommunale føringane ang koronapandemien. Vi oppfordrar til å ta vaksinen dersom du har moglegheit for det! Fyll på med booster når du får tilbod om dette.

 

I tillegg har vi i BHT ei gledeleg nyheit;

Vi er så heldige å få lege Maria Koppen med på BHT-laget vårt.

Ho startar i ei 80 % stilling frå 01. april.

 

Ta gjerne kontakt med oss om det er noko de ønsker å diskutere med oss.

Elles høyrer de nok frå oss snart, slik at vi saman kan lage gode BHT-planar for det komande året.

kalender
bottom of page